Jentelaget vann opningskampen

Torsdag spelar G 13 9-ar fyrste kamp heime på Hellesylt stadion og tid for samling i "fotballfamilien" igjen.

Torsdag spelar G 13 9-ar fyrste kamp heime på Hellesylt stadion og tid for samling i «fotballfamilien» igjen.

Sunnylven sitt jenter 16-lag vann 5-4 over FK Sykkylven 2 på Ikornnes Idrettspark tysdag.

Det vart siger i serieopninga for jentelaget. Å opne med tre poeng smaka godt, det var kjekt for oss alle, kunne Kirsti Frøysadal Hauge fortelje. Ho er ein av trenarane for laget, eit verv ho deler med Knut Dag Langeland. Oppmann er Geir Frøysa.

Kampen vart spela på kunstgras  på Ikornnes. Der leia Sunnylven 2-1 til pause, og ved full tid stod det 5-4 til gjestane etter skåringar av Brede Ringdal 2, Ottar Frøysa Hellebostad 2 og Olene Lade.

Sunnylven sitt J16-lag har fått dispensasjon frå fotballkrinsen på å bruke tre gutespelarar då klubben ikkje har eige gutelag i år. –Vi brukar dei etter skjønn, gjerne berre ein på bana i gongen, slik rådet frå fotballkrinsen også er. Og vi rullerar slik at alle får speletid, for vi har mange sterke jentespelarar også, seier Kirsti.

-I fjor spela laget 7-ar, i år er det 9-ar med offsideregel. Det er noko nytt som må drillast inn. Det gjekk bra mot FK Sykkylven og betre skal det bli no når skisesongen er slutt og vi blir alle på trening og får øvd meir på det-.

Sunnylven J16 9-er spelar borte også neste kamp som er mot Hasundgot måndag 27. april. Deretter er det nabooppgjør mot Stranda på Hellesylt stadion. Dato er 4. mai, men kan bli endra grunna konfirmasjon.

Laget :

Ingeborg Langeland, Malin Fivelstad, Birgitte Hellebostad, Hege Ringdal, Emilie Brekke, Ottar Frøysa Hellebostad, Madelen Selin Frøysadal Hauge, Brede Ringdal, Olene Lade.

Ole Iver Kjellstad, Julie Skjortnes Røyrhus, Gina Gausemel, Inger Ringdal Sæter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380