Lokalnytt

Quiz på hellesylt.info

Ein stor pizza frå Øcal ventar vinnaren av Hellesylt.info sin påskequiz.
Ein stor pizza frå Øcal ventar vinnaren av Hellesylt.info sin påskequiz.

Nettstaden www.hellesylt.info har laga ein liten påskequiz i tekst og bilder som vi håper du finn glede av å prøve deg på. Alle svar finn du ein eller annan stad på nettstaden.

Nokre spørsmål har berre eitt svar andre har to, tre eller fire (for kvar bokstav). Vi har også lagt ut fem bilete med spørsmål om kva eller kvar det er.

Vi håper du blir ein av mange som sender inn svarløysingar til post@hellesylt.info  Då har du sjansen til å vinne eit gåvekort på ein stor pizza frå Øcal, Hellesylt. Om det blir fleire med lik poengsum blir vinnaren trekt. Svarfrist er laurdag (påskeaftan) kl. 24.00. Vinnaren blir offentleggjort på nettsida 1. påskedag.

Lukke til!

 

Spørsmål:

1 Kva heiter selskapet bak nettstaden hellesylt.info

2 Kva dato og år vart nettstaden hellesylt.info presentert offisielt «på lufta» fyrste gong.

3 For mange år sidan bar nokre karar aure opp i Holedalsvatnet

A: Kva heitte karane

B: Kva årstal var det

4 Når vart ei nyrestaurert rås til Nokkenibba opna

5 Kva heiter nestleiaren i Storfjordens Venner

6 Kvar er bildet frå?

spm-6

7 Anniken Hjellbakk Hole har gått Holmenkollen skimaraton. Kva tid fekk ho

8 Kor mange gonger har desse gått «Birken»

A: Paul Tronstad

B: Hans Kristian Stadheim

C: Per Ingebrigt Karbø

D: Gisle Aaland

9 Kvar er bildet frå?

spm-9

10 Emilie Brekke vart norgesmeister i stafett skiskyting 2015. Kven var dei andre på stafettlaget

11 Trygve Aaland Tryggestad deltok i NM skifeltskyting i år. Kor mange medaljer fekk han

12 Sunnylven/Stranda 2 herrer i 5. divisjon spela 22 seriekampar i 2014.

A: Kor mange sigrar vart det

B: Kor mange uavgjort

C: Kor mange tap

12 Sunnylven hadde i 2011 prestevikar med slektsrøter frå Hornindal. Kva var namnet

  1. Kva heiter artisten til årets kyrkjekonsert i Sunnylven kyrkje 3. juli
  2. A: Kva heiter den vesle hytta i Skihella

B: Kor mange poeng gjev trimposten i Skihelledalen

15 Kvar er bildet frå?

spm-15

16 Når vart cruisekaia på Hellesylt offisielt opna

A: Dato og årstal

B: Kva spela Sunnylven skulekorps til innmarsj på kaia

C: Kva kutta ordførar Tryggestad silkebandet med

17 Kvar er bildet frå?

spm-17

18  A: Kor mange vart konfirmert i Sunnylven kyrkje 2012

B: Kva prest heldt gudstenesta då

19 Kor stor var største laksen Rune Tryggestad fekk i Korsbrekkeelva i juni 2014.

20  A: Når vart «nye» Streketunnelen opna

B: På kva vekedag skjedde det

C: Kven klipte silkesnora

D: Kva reiskap brukte vedkomande

21 Kvar er bildet frå?

spm-21

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380