Lokalnytt

Sanitetskvinner støttar prosjekt Russ – 15.

Ved Sykkylven vidaregåande skule tok Liv Elise Folden t.h. og Erik Sandal mot gåvene som Kari Hauso Stadheim hadde med.
Ved Sykkylven vidaregåande skule tok Liv Elise Folden t.h. og Erik Sandal mot gåvene som Kari Hauso Stadheim hadde med.

I samband med russefeiringa har Sunnylven sanitetslag besøkt dei vidaregåande skulane på Stranda og i Sykkylven.

Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) og Norske Kvinners Sanitetsforeining i Møre og Romsdal gjennomfører våren 2015 eit førebyggjande og haldningsskapande prosjekt retta mot russ 2015 i Møre og Romsdal.

Gjennom undervisning, appellar og utdeling av informasjonsmateriell og boxershortsar vart temaet russ og valdtekt sett på dagsorden. «Spør meg først» og «Eg tek ansvar» er slagord som skal vere med og forebygge valdtekt under russefeiringa 2015.

Sunnylven sanitetslag hadde med ei gåve og ynskje om ei triveleg og trygg russefeiring for elevane då styreleiar i sanitetslaget, Kari Hauso Stadheim besøkte Sykkylven vidaregåande skule onsdag. Med seg hadde ho eit raudt berenett med diverse effekter til 42 jenter og 33 gutar. Liv Eline Folden og Erik Sandal tok mot på vegne av elevane og lova å hjelpe med utdelinga.

Tidlegare i april var Sunnylven sanitetslag innom både Stranda vidaregåande skule og Vestborg vidaregåande skule med same gåva til elevane der. Og liknande gåver blir overrekt til 2355 russ i Møre og Romsdal frå Norske Kvinners sanitetsforeining og SMISO i fylket.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380