Sprang sentrumsløpet
Hans Kristian Stadheim representerte Lyn ski/Sunnylven IL då han sprang Sentrumsløpet 10 km. i Oslo laurdag.
Sentrumsløpet i Oslo hadde over 11000 deltakarar av menn og kvinner som sprang 5. km. eller 10. km. Vinnarar over dei lengste distansane vart Karoline Bjerkeli Grøvdal, opphaveleg frå Innfjorden i Romsdal, og Ørjan Grønnevig, Stavanger Friidrett.
Hans Kristian Stadheim som representerte Lyn ski/Sunnylven IL deltok i menn 23-34 år og kom i mål til tida 35.27, 5.33 bak Grønnevig. Han vart nr. 56 i si klasse og svært godt nøgd med tida i sitt fyrste Sentrumsløp.
Vi kjenner ikkje til om andre frå Sunnylven IL sprang sentrumsløpet, men hellesylt.info er interessert i opplysningar om andre frå klubben har delteke i Oslo laurdag.