Stor ryddedag i Sunnylven.
Den mobile miljøstasjonen besøkte Hellesylt onsdag. Der vart mykje verdfullt «rusk» innsamla.
Mykje grovavfall og miljøfårlege atiklar vart innlevert då Årim i samarbeid med Stranda Gjenvinning hadde «miljødag» i Sunnylven onsdag.
Kanskje ikkje så stort trykk og mykje innlevert i år som i fjor, då var det enormt heile dagen, sa Arnstein Sve. Saman med Pål Orheim er han dagleg leiar ved Stranda Gjenvinning. Han huskar ikkje kor mange tonn som kom inn i fjor, men det var mykje.
Ein verdi i alt
Heidi Steinnes kom frå Årim og hovudkontoret på Moa for å vere med på sorteringa av grovavfall på Hellesylt. Liknande innsamlingar driv Årim i Haram kommune der ho også hadde vore med på fleire.
-Det er kjekt å kome seg ut på slike innsamlingar, folk er så hyggelege og positive, og så er det fint å få vere ute på slike fine dagar som i dag. Alt vi kastar er ein ressurs og det meste går til gjenvinning. Vi driv slike innsamlingar for at ting ikkje skal ende i naturen, eller til dømes i den vakre fjorden her, sa Steinnes og peikar utover Sunnylvsfjorden.
På Hellesylt kom det inn mykje metall, restavfall, elektriske artiklar, eksempelvis TV-apparat, kjøleskåp og frysarar, og mykje miljøfårlege artiklar.
Samlar heile året
Hos Oskar Slinning og Stein Giske frå Ålesund kommune, Bingsa næring var det stor pågang med innlevering av batteri, målingsrestar, olje, lakk og andre flytande vesker. Bingsa næring har 12 stasjonar og køyrer rundt og samlar inn heile året, fortalde dei to. Også Stranda Gjenvinning tek mot slike miljøartiklar, men onsdag var Bingsa næring innhyra for å hjelpe til med å ta unna.
Å få årleg besøk av den mobile miljøstasjonen er viktig, ikkje minst i vakre bygder.