Lokalnytt

Våronn på Hægstad Gård

Dugnadsgjeng, frå høgre Arnfinn Tryggestad, Knut Hole, Bjørn Rusten, Arne Tronstad.
Dugnadsgjeng, frå høgre Arnfinn Tryggestad, Knut Hole, Bjørn Rusten, Arne Tronstad.

Når snøen forsvinn kjem rusket fram. Slik også på Hægstad Gård der pensjonistar starta våronna måndag.

Dei raka og rydda i hop eit fullt bilhengarlass med rusk og rask dei fire pensjonistane som starta vårpussen ved kunst –og servicesenteret Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.

Knut Hole, Arne Tronstad, Arnfinn Tryggestad og Bjørn Rusten arbeidde seg nesten sveitte i vårsola, men så vart resultatet bra. Ut over plenen låg kvister og lauv som vart fjerna, meir lauv vart raka vekk kring bærtrea på framsida og i blomsterbedet like inntil murveggen vart det strødd på bark, kjøpt og betalt slik at ugras ikkje skulle spire. I to krukker like ved inngangen vart det planta blomster.

Det var fyrste dugnadsdag, men det blir fleire, sa dei fire. Det skulle rekvirerast både måling og nye vimplar i flaggstengene ved parkeringsplassen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380