Lokalnytt

Vedomnen varma i skulestova

Røyk 1Det vart varmt og godt i den gamle skulestova på Hellesylt onsdag. Då var det fyr i den store vedomnen etter restaureringa.

Det er mange år sidan den gamle skulestova på Hellesylt er blitt varma opp med bjørkeved. Ein stor og høg omn har stått der utan å vere i bruk heilt til no nyleg. Onsdag kunne styret i Gamleskulen Aktivitetsmuseum fyre opp i omnen som dei hadde sett i stand og få omsett bjørkeved til varme.

I fjor haust tok styret i foreininga fatt på arbeidet med å setje omnen i skulestova i stand. Den vart plukka ned bit for bit, børsta og reingjort for så å bli sett saman igjen,  fuga med omnskitt og smurt med omnssverte. Heile arbeidet vart gjort av styret gjennom 21 dugnadstimar.

Det rauk fint frå skorsteinen, for fyrste gong på mange år.
Det rauk fint frå skorsteinen, for fyrste gong på mange år.

Skorsteinen i det gamle skulehuset var tidlegare utbetra med nedsette røyr, og sjølve tilboblinga av omnen vart gjort av fagfolk. Onsdag var det prøveoppfyring i den staselege varmekilda og resultatet svarte til forventningane. Trekken var god og omnen varma svært bra.

Måndag 20. april er det årsmøte i Gamleskulen Aktivitetsmuseum. Møtestad er i skulestova der det blir varmt og godt, lovar leiinga.

Fleire i styret kunne varme seg frå vedomnen; Frå høgre Kari Hauso Stadheim, Solfrid Lien, Marit Ljøen, Odd Jostein Bjørdal.
Fleire i styret kunne varme seg frå vedomnen; Frå høgre Kari Hauso Stadheim, Solfrid Lien, Marit Ljøen, Odd Jostein Bjørdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380