Lokalnytt

Vil hjelpe barneheim i Afrika

Ingunn Runde lengst bak til høgre på bildet saman med afrikanske barn.
Ingunn Runde lengst bak til høgre på bildet saman med afrikanske barn. (Foto: Privat.)

Ingunn Runde går siste året på sjukepleieskule i Oslo. Praksisen gjer ho unna i Afrika og engasjerer seg i tillegg for hjelp til ein barneheim.

Ingunn Runde har vakse opp på Hellesylt. Ho er dotter til Elisabeth og Svein Runde som var prestefolket i Sunnylven og Geiranger i mange år.

Ingunn er blitt vaksen og utdannar seg innan sjukepleien. Ho går siste året på skule i Oslo, og i desse dagar, frå 10 mars til 4. juni utfører ho praksisdelen av utdanninga i Tanga i Tanzania. Under arbeidet der har ho fått oppleve på nært hald at mange treng hjelp, mellom anna eit døgnsenter for funksjonshemma barn. Ho håpar å kunne støtte barneheimen med innsamla pengar og vil delta på eit veldedigheitsløp om få dagar.

På facebook-sida si  skriv ho mellom anna;

-Tordag 30. april er det veldedighetsløp her i Tanzania. Eg har tenkt å samle inn pengar til Harries barneheim, eit døgnsenter som nettopp har starta for funksjonshemma barn. Desse barna har hatt ein tøff oppvekst med redusert vekst og utvikling, og familien og samfunnet har ikkje klart å ta vare på dei. Dei treng meir næringsrik mat, trening, oppmuntring og kjærligheit. No er barneheimen nettopp starta der dei funksjonshemma barna blir tatt vare på av nokre fantastiske afrikanske.

Vil du hjelpe meg med å gi dei meir pengar for å støtte det gode arbeidet? Eg spring i 45 minutt, du sponsar med det beløpet du vil! Distansen er 500 meter kvar runde, så du kan velje å gi rundebeløp eller eit fast beløp.

Om eg klarer å samle inn over 5.000.- kroner, lovar eg å legge ut ein facebook-video der eg dansar afrikansk dans saman med mange andre afrikanarar-, skriv Ingunn Runde på facebook.

Opprettar konto

Ingunn Runde engasjerer seg for eit godt formål i tillegg til praksis i sjukepleiestudia. Vi har fått opplyst at måndag 27. april vil det bli oppretta ein konto i Sparebanken der alle som vil støtte Ingunn i veldedighetsløpet kan betale inn.

hellesylt.info håper å få vist bilete frå arrangementet og kome med anna informasjon frå tiltaket.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380