Lokalnytt

90.000.- til Sunnylven samfunnshus

Sparebankgåve A

Banktilsett Rita Rudning Røyrhus overrekte styreleiar Inge Bjørdal det synlege beviset på gåva frå Sparebanken Møre.

Sunnylven samfunnshus har motteke ei gåve på 90.000.- kroner av gullkornmiddlar frå Sparebanken Møre til renovering av kjøkken.

Den siste tida har det vore arbeidd med å fornye kjøkkenet på Sunnylven samfunnshus. Det er nytt belegg på golvet, veggar er måla og nesten all gamal innreiing er skifta ut.

–Alle kjøleskåp er bytta ut med eit eige kjølerom med mange hyller og stor dør, det er sett inn ein lang, ny benk –og skuffeseksjon, ny komfyr og det blir full overhaling på oppvaskmaskina, fortel ein engasjert Tor Tryggestad.

Tryggestad får mykje skryt som arbeidsformann og organisator av styreleiar Inge Bjørdal. -Tor har lagt ned mange timar og gjort ein stor jobb for oss her, seier leiaren som også rosar innsatsen til styret og nemner spesielt Bygdekvinnelaget som eit av fleire lag som har ytt god dugnadsinnsats.

Fekk innvilga søknaden

Arbeidet er no ferdig og Bjørdal anslår at heile renoveringa har kosta kring 150.000.- kroner utan at han veit summen eksakt. –Det er ein stor kostnad som var naudsynt å gjere. Difor var det ekstra hyggeleg å kunne ta mot 90.000.- kroner i gullkornmiddlar frå Sparebanken Møre til Sunnylven samfunnshus. Og det er flott av banken å dele ut middlar på denne måten, då kjem det alle i heile bygda til gode. Vi hadde håpa at søknaden vår skulle bli imøtekomen, og det var ekstra gledeleg at vi fekk den summen vi søkte om. Det betyr at vi no har pengar til å fornye enno meir av viktig utstyr på kjøkkenet, seier Inge Bjørdal.

Inge Bjørdal er strålande fornøgd der han saman med fleire tørkar støv og klargjer for å få koppar og kar på plass i hyllene igjen. –Dette blei bra. No håper vi at også huseigaren Stranda kommune gjer det dei må med vedlikehald slik at det ikkje blir lekkasjar i taket og vasskadar-, seier han.

Sende takkeskriv

Styret ved leiar Inge Bjørdal har sendt dette takkebrevet til Sparebanken Møre:

 -TAKK FOR FLOTT GÅVE FRÅ GULLKORNFONDET

Eg har fått informasjon om at Sunnylven samfunnshus er blitt tildelt kr 90 000 til arbeidet ned renovering av kjøkkenet på Sunnylven samfunnshus. Eg hadde diverre ikkje høve til å stille på overrekkinga av sjekken, men vil rette stor takk til dykk for den rause gåva.

Med denne summen får vi orden på dei andre investeringane som må til slik at kjøkkenet no framstår som bortimot heilt nyrenovert. Sunnylven samfunnshus er ein viktig ressurs for bygda, og løyvinga kjem svært mange til gode. Vi har mange brukarar av lag/organisasjonar/foreiningar som eg veit er svært glade for dette bidraget.

Igjen: Tusen takk for gåva på vegner av styret i Sunnylven samfunnshus!

Med venleg helsing

Inge Bjørdal, – leiar Sunnylven Samfunnshus –

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380