LokalnyttLokalsport

Den lokale jentebylgja

Lokal jentebylgje, ein trimtur for alle.
Lokal jentebylgje, ein trimtur for alle.

I dag torsdag blir den lokale jentebylgja arrangert, eit trimtiltak mellom sanitetslaget og trimgruppa.

Den lokale jentebylgja er blitt arrangert fire år tidlegare og har hatt god oppslutnad. I fjor deltok 48 unge og eldre på trimturen mellom Hellesylt stadion og Stadheim og tilbake. Det er ei strekning på ca. 5. km., men kor langt ein vil gå bestemmer den enkelte. Det viktige er å bli med på tur, seier arrangøren. Starten går kl. 17.00, og ved målgang blir det utdelt forfriskningar til alle.

Sal av maiblomar

Torsdag 7. mai har Sunnylven sanitetslag stand i Hellesylt sentrum der dei sel vaflar, kaffi og maiblomar. Salet av maiblomar er ei av inntekskjeldene til sanitetslaget der inntekta går til bedring av folkehelsa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380