Lokalnytt

Fekk stor gåve frå banken

Leiar i styret for Sunnylven skulekorps, Anita Langeland tok mot og takka så mykje for gåva som banksjef Stig Tryggestad i Sparebanken Møre hadde med.
Leiar i styret for Sunnylven skulekorps, Anita Langeland tok mot og takka så mykje for gåva som banksjef Stig Tryggestad i Sparebanken Møre hadde med.

Etter at Sunnylven skulekorps hadde gjort unna siste øving før 17. mai med speling og marsjering  laurdag, var det pizza og overrekking av 50.000.- frå Sparebanken Møre.

Sunnylven skulekorps er ein viktig aktør i Sunnylven for å skape stemning og «fargelegge» ulike arrangement på Hellesylt. Det har mange sett verdien av, mellom anna Sparebanken Møre som inviterte til samling på Øcal kafe laurdag. Der hadde banksjef Stig Tryggestad med bekrefting på ei flott pengegåve på 50.000.- kroner til korpset, og i tillegg servering av pizza det dei 18 musikantane orka med fritt val av drikke til.

-Vi er mange som set stor pris på skulekorpset. Det er sikkert kjekt for dokke å få spele og det er kjekt for oss som får høyre på. Sparebanken Møre deler i år ut ei gåve til alle korps i Møre og Romsdal på 20.000.- kroner kvar. Vi har 150 korps i fylket så då blir det til saman tre mill kroner banken støttar med. Å halde i gong eit korps er ofte ein dugnad. Vi i Sunnylven er glade og stolte over at vi har korpset som skaper flott stemning, ikkje minst i ei lita bygd på 17. mai. Som eg sa så får alle korps 20.000.- kroner i år, men eg veit at Sunnylven skulekorps ønskjer seg nye uniformer. Difor har vi plussa på litt så gåva vår til korpset er 50.000.- kroner, -sa Stig Tryggestad.

Det var leiar i styret for Sunnylven skulekorps, Anita Langeland tok imot. –På vegne av korpset takkar eg så mykje for den store gåva som vi er utruleg glade for. Utan støtte frå Sparebanken Møre både i dag og andre år hadde det blitt tungt å få rekneskapen i balanse, så tusen takk, det betyr utruleg mykje. Vi jobbar for at korpset skal få seg nye uniformer, i alle høve til om fire år når Sunnylven skulekorps feirar 50 år-, sa Anita Langeland.

Den rause pengegåva vart svært godt motteka hos alle frå Sunnylven skulekorps. Det vart også Øcals pizza der åtte store eksemplar gjekk med. Skal det feirast gjer ein det grundig, og 17. mai blir ein travel dag for dirigent og unge musikantar.

Øcals pizza er populær også hos korpsmusikantar, servert av Tahir Øcal.
Øcals pizza er populær også hos korpsmusikantar, servert av Tahir Øcal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380