FK Sykkylven – Stranda/Sunnylven 3-0 (0-0).
FK Sykkylven sitt damelag tok ein litt heldig 3-0 siger mot Stranda/Sunnylven på Ikornnes idrettspark si kunstgrasbane onsdag kveld.
Frå damelaget Stranda/Sunnylven si facebook-side har vi saksa dette:
-I dag spelte vi ein kamp der resultatet seier ein ting og kampen noko anna. Med klart flest målsjansar og ballinnehav er det surt å sjå to mål komme på hjørnespark 15 og 20 minutt inn i 2. omgang. Vi tek med oss godt spel og bra arbeidsmoral vidare og med litt øving på avsluttingar bør eitt eller to av dei om lag 30 skota vi hadde på mål i dag gå inn neste gong. BB: Kirsti Frøysadal Hauge.-
Troppen mot FK Sykkylven på Ikornnes idrettspark:
1 Hanna Gjærde
2 Gro Mari Langleite
3 Ingeborg Opshaug
4 Amalie Flo
5 Emilie Brekke
7 Hannah Wollen Strand
8 Vilde Olafsen Hjelle
10 Hanne Mehl Slettebak
11 Kirsti Frøysadal Hauge
12 Lillian Åsheim (C)
13 Christina Sve Hagen
14 Julianne Lundanes
15 Kristin Ringdal
17 Åsta Løfald
18 Marte Lundanes
19 Sandra Kammen
20 Birgitte Lovise Sve Hagen
Lars-Tore Opshaug er trenar for damelaget i år, saman med Geir Koppang.