Lokalnytt

Frå partslag til foreining

I styret for Sunnylven samfunnshus er frå venstre Annvor Tryggestad, Bjørn Tryggestad, Ole Aasen, Inge Bjørdal, Magnar Hauge.
I styret for Sunnylven samfunnshus er frå venstre Annvor Tryggestad, Bjørn Tryggestad, Ole Aasen, Inge Bjørdal, Magnar Hauge.

På ekstra  årsmøte vart det samrøystes vedteke å endre eigarform for Sunnylven samfunnshus frå partslag til foreining. Dette for å få eige organisasjonsnummer.

Sak på det ekstra årsmøtet i Sunnylven samfunnshus tysdag der 19 partseigarar møtte var omorganisering av eigarform og val av tillitsvalde.

Bakgrunnen for endringa frå partslag til foreining er at alle som brukar eller søkjer bankar eller andre offentlege låne –og tilskotsorgan må ha organisasjonsnummer, seier leiar i styret for Sunnylven samfunnshus Inge Bjørdal.  Vedtaket om å endre form til foreining var samrøystes.

Også alle tillitsvalde i Sunnylven samfunnshus vart samrøystes attvalde. Desse er:

Styret: Inge Bjørdal, leiar, Bjørn Tryggestad nestleiar, Ole Aasen skrivar, Annvor Tryggestad kasserar, Magnar Hauge styremedlem.

Vara til styret: Leif Egil Åsen, Olveig Frøysa, Per Ottar Alme

Revisor: Oddbjørg Stadheim.

Det blir no gjort avtale mellom Sunnylven samfunnshus og Stranda kommune som er største eigar i bygget om vedlikehald. Kommunen har hatt vedlikehald av bygget utvendig og samfunnshuset alt innvendig. At det utvendige vedlikehaldet blir passa på, ikkje minst at taket er tett no etter at heile kjøkkenet til samfunnshuset er pussa opp er ekstra viktig, seier Inge Bjørdal.

Under det ekstraordinære årsmøtet var det omvising på det nye kjøkkenet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380