Lokalnytt

Ingers Trans med stor turbuss

Buss

Ingers Trans driv taxi og persontrafikk med turvognløyve. Nyleg fekk selskapet ein turbuss med plass til 49 i bilparken.

-Vi er spente på nysatsinga, men vonar å få mange oppdrag, seier Inger Mari Tryggestad til hellesylt.info. Ho er dagleg leiar i selskapet med fem tilsette på heiltid og fleire på deltid.

-Bussen er ein Mercedes Bens 0350 Tourisimo med 49 passasjerseter. Den er godt utstyrt innvendig med både toalett, kjøleskåp og ei «kjøkkenavdeling» for kaffikoking. Det er eit godt suplement til minibussane vi har frå før, seier Inger Mari Tryggestad. Bilparken består av tre minibussar med 16 passasjerplassar, to andre minibussar med ni passasjerplassar, og i tillegg driv selskapet taxidrift på Stranda.

-Bussen som er den siste nyinvesteringa har vore på fleire turar alt og er booka ein del framover. Men det er fortsatt ledig kapasitet så vi håper at dei som har behov for det tek kontakt for eit godt tilbod på transport, seier Inger Mari Tryggestad i turselskapet Ingers Trans.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380