Lokalnytt

Korsen i Geirangerfjorden

I 2011 var sokneprest Svein Runde og konfirmantane opp under fjellet og måla krysset i fjellet. (Foto: Per Erik Dalen)
I 2011 var sokneprest Svein Runde og konfirmantane opp under fjellet og måla krysset i fjellet. (Foto: Per Erik Dalen)

Om lag midtvegs i fjorden mellom Hellesylt og Geiranger er måla eit stort kors på fjellet. Staden blir kalla Korsen der det etter gamal segn omkom eit heilt brudefylje i eit forrykande uver.

I bygdebok for Sunnylven og Geiranger kan ein lese om mangt, også ei segn om brudefylje som omkom ved Korsen i Geirangerfjorden;

-Anne Andersdotter Hellebostad var trollkjerring. Eller kanskje vi skal kalle ho trollkvinne, for etter segna skal ho vere ugift.

Ho var trulova med ein gild kar, uvisst kvar han var frå. Men han sveik ho og ville gifta seg med ei jente frå Geiranger. Då dei skulle viast, var det ikkje gudsteneste anten i Geiranger eller i Sunnylven. Så skulle brudeparet til Strandakyrkja.

Då var det at Anne Hellebostad tok hemn over brudgomen, brud og gjestar. Ho bar vatn inn i ein så, sette ei skål ned på vatnet og dreia skåla rundt fleire gonger med peikefingeren, til ho til slutt skjevla full med vatn og sokk. Med same sa ho: «No kavar ho gullkrone».

Nett med same Anne kvelvde skåla, kvelvde den store brudebåten som då var komen ut i Geirangerfjorden til den staden som sidan har heitt Korsen. Sume seier at det var dotter til Anne som vart sviken –.

Måla Korsen

For fire år sidan, 3. juni 2011 rodde sokneprest Svein Runde og fire konfirmantar, Håkon Elias Kjellstad, Andreas Nybø Støverstein, Nanna Frøysa Hellebostad og Inga Elise Vik frå Hellesylt til Geiranger slik soknepresten gjorde i gamle dagar. På turen var dei oppunder fjellet ved Korsen og måla opp att krysset i fjellet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380