Kujukelen kom i natt
I natt kom kujukelen, snøfonna som fortel at no kan storfe på Helset sleppast på beite.
I fjellet på Helset nord for Kopen «dansar» det ned to små bekkar, nærmast Kopen Høgalmgrova og like ved Glærå. Dei har sitt utspring i små fjellvatn på Helsetkopen og i solskinet blenkjer begge to som sylvtrådar i fjellsida.
Om vinteren legg snøen seg på glatte svaberg der Glærå stuper ut for fjellet, noko som fører til små snøras om våren. Frå gamalt av har desse snørasa si tyding.
I april/mai i år kom fyrste snøras, det var smalejukelen. Då kunne småfeet på Helset sleppast ut på beite, det skulle vere nok næring å finne i naturen for dyra. I natt 30. mai kom ei ny fonn, det var kujukelen. Då skulle det vere nok gras og anna grønt i naturen til at storfeet, kyr og kalvar kunne sleppast ut på beite, vart det sagt.
Det er grønt og frodig både på Helset og andre stader i Sunnylvsbygda i dag.