Moldskreddalsstølen
Moldskreddalen er sætredal til mange gardsbruk i Sunnylven. Og her er framleis aktiv sæterdrift med ein fellesfjøs for geiter.
MOLDSKREDDALEN
Nord: 6890900
Aust: 386900
Høgde: 430 moh
LANDSKAP
Moldskreddalen ligg saman med Bygdastølen og Ringdalstølen inst i
Sunnylvsmoldskreddalen. Den inste delen av dalen utgjer eit lukka landskapsrom, der
Hesten er eit viktig landemerke. Like aust for sætra er det ein flott foss, som og er eit
viktig element i landskapet. Sjølve sætra ligg i ei vestvend helling langs vegen i dalen.
VEGETASJON
Vegetasjonsbiletet er dominert av kultureng med mykje gras og lyngtuer. Kring
bygningane er det kome opp ein del brennesle. Ved hyttene inst på stølen veks det
også ein del bjørk, som truleg er planta. Området vert godt beita av geiter.
BYGNINGAR OG KULTURMINNE
Det er så mange som 13-14 bygningar på stølen og stort sett alle er hytter, men fleire
er truleg ombygde sel. Mange av bygningane er nye, mellom anna ein geitefjøs der det
er drift i dag. Eit lite stykke innanfor desse bygningane, ligg ytterlegare fem hytter i ei
klyngje ved vegen. I tillegg finst her delar av steingjerder og diverse andre
kulturminne spreidd på stølen.
VURDERING høg verdi
Sætra har ein spesiell bygningsstruktur, og eit kulturlandskap som verkar intakt. Nye
bygningar er tilpassa området på ein god måte i form av storleik og materialbruk. Det
at sætra framleis er i drift, gir ho ein ekstra dimensjon, som er svært viktig.
Moldskreddalen ligg i eit storslått landskap
MULIGHEITER stort potensial
Sætra er lett tilgjengeleg langs bilveg frå Ringdal. Moldskreddalen har truleg eit svært
stort næringspotensiale, på grunn av eit flott landskap, eit preg av autentisitet og ikkje
minst det at ho framleis er i bruk. Næring direkte knytt til sæterdrift kan være aktuelt,
slik som produksjon og sal av lokal mat. I tillegg byr området på mange tur- og
rekreasjonsmuligheiter, der sætra er eit naturleg utgangspunkt. Dette kan mellom
anna vere jakt og fiske eller turar både sommar- og vinterstid. Koplinga til
Strandamoldskreddalen vil vere viktig i samband med slik utvikling, og ved eventuell
utbygging må ein ta omsyn til dei to andre sætrane i Sunnylvsmoldskreddalen.