Ordførar fekk «ryddejobb».
Jan Ove Tryggestad (Sp) fekk tillit som ordførar i Stranda kommune etter valet i 2011. Men det vart meir enn å svinge ordførarklubba, går fram i intervju med Kommunalbanken.
Jan Ove Tryggestad er bonde og saman med sambuar Gunnhild Live Foldal driv dei med storfe og sau på slektsgarden på Tryggestad.
I intervjuet med Kommunalbanken Norge fortel Tryggestad også om tida som ordførar i Stranda kommune i snart fire år. Ønskje om utvikling førte kommunen ut i eit uføre med stor lånegjeld.
Det vart ein stri jobb å rydde, men sjølv om ikkje alt er bra er Stranda ei god kommune å bu i likevel, går det fram av intervjuet med ordførar Jan Ove Tryggestad.
Du kan lese intervjuet her: http://www.kommunalbanken.no/no/nyheter-presse/nyheter-og-pressemeldinger/2015/ordf%C3%B8rer-i-landets-bratteste-kommune
(Eit par feil har sneke seg inn i intervjuet. Stabburet investerer 180 mill. ikkje 980, og på Joker møtte dei Liv Jorunn Sporstøl.)