Lokalnytt

Passerte 2200 visningar

Hellesylt.info

www.hellesylt.info fekk vi ny besøksrekord måndag 11. mai. Då vart det registrert heile 2203 visningar.

Det var reportasjar frå «Flatar ut Hølsbakken», «Gledar seg til jobb på Hellesylt» og «Open Gard på Øvre Ljøen»  som mange las måndag 11.mai. Den tidlegare rekorden for nettreff var på 1933 visningar frå 29. mars. Og etter at nettstaden kom «på lufta» 15. desember i fjor er det registrert 169.156 treff til no.

Det er selskapet SunnylvenNytt AS som står bak informasjonskanalen www.hellesylt.info  . At nettstaden blir brukt av mange er hyggeleg å registrere, det set vi pris på. For mange rundt om i alle verdsdeler trur vi det har blitt «Eit brev heimanfrå».

I Sunnylven skjer mykje. Difor har vi også ein aktivitetskalendar som vi oppfordrar alle til å melde arrangement til. Her på hellesylt.info er inntil 25 oppføringar gratis pr. år. Så meld frå på post@hellesylt.info  om små og store arrangement, alle er like viktige, og vi legg dei i kalendaren så snart som råd.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380