Lokalnytt

Peer Gynt Galleriet AS / Hægstad Gård opnar

Peer Gynt Galleriet /Hægstad Gård opnar neste torsdag.
Peer Gynt Galleriet /Hægstad Gård opnar neste torsdag.

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt opnar for sesongen torsdag 14. mai. Styret har tilsett Monica Rødven, Valldal  som dagleg leiar.

Etter sesong i fjor har selskapet Peer Gynt Galleriet AS gjennomgått ei omlegging med tanke på vidare drift.

Eigedomen med bygg blir seld til Flo Eigedom AS i Stryn, og eit drivarselskap skal leige og drive kunst og servicesenteret med  Monica Rødven som dagleg leiar, fortel styremedlem Jan S. Storstein.

Etter fjoråret var Peer Gynt Galleriet AS i ein vanskeleg økonomisk situasjon, men gjennom sal av bygning og kunstrelieff har selskapet kvitta seg med mesteparten av tyngjande gjeld.

Beheld selde relieff

Storstein fortel at fire av treskurdrelieffa som galleriet huser etter kunstnaren Oddvin Parr er kjøpt av Sparebanken Møre. Vidare er to relieff i ferd med å bli selde, men alle blir ståande i galleriet som før.

Han trur dei no har kome fram til ei brukbar løysing for vidare forsvarleg drift. Planen er å opne frå 14. mai, og frå 17. mai blir det dagleg ope og full drift.

Framleis vil det vere faste kostnader for drivarselskapet, det blir løpande utgifter til drift, leige og løn. Ein er framleis avhengig av god inntening om Peer Gynt Galleriet AS / Hægstad Gård framleis skal vere eit kunst og servicesenter på Hellesylt , seier Storstein.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380