Topp danseband til Hellesyltdagane
Det er relativt få band som kan skryte av å ha gitt ut ti album, men det kan Torgeir og Co.
Med i bandet er Torgeir Hansen, vokal og gitar, Per Kværner gitar og vokal, Dag Andre Sandell bass og vokal, Dag Kruse trommer. Under Hellesyltdagane spelar bandet til dans laurdag 4. juli.
Bandet er ute på farta heile året så det legg seg aldri mykje snø eller rim på bandbilen til dei fire glade musikarane. Bilen er alltid varm, noko turnelista kan bekrefte. Frå januar til ut mai i år har det blitt 29 konsertar og dansetreff over heile landet.
Laurdag 4. juli er turnebussen med band komen til Hellesylt for å spele til dans i festivalteltet ved Grand Hotel. Her blir det rigga eit stort festivaltelt og Ramazan Øcal hos arrangøren håper på «fullt hus». Teltet er på 9.0 gange 30.0 meter og har plass til mellom 4 – 500 personar.
Trubadur i puben
Også i Sherlook Holmes Pub blir det liv under sommardaghelga på Hellesylt. Der fyrer trubadur Tico opp stemninga to kveldar på rad, både fredag og laurdag.