Lokalnytt

Flott Storfjordstemne

Ordførar Jan Ove Tryggestad overrekte gåve til Storfjordens Venner ved leiar Kjell Løseth frå Stranda kommune.
Ordførar Jan Ove Tryggestad overrekte gåve til Storfjordens Venner ved leiar Kjell Løseth frå Stranda kommune.

Storfjorden Venner sitt sommarstemne samla fullsett sal i Sunnylven samfunnshus søndag. Både graut og program var velsmakande.

Det var Sunnylven skulekorps som bles i gong Storfjordstemne denne gongen. Både Sunnylvsmarsjen av Helge Fivelstad og andre friske tonar gav til kjenne eit korps i storform, som vanleg leia av Trond Otto Berg.

Stemnet vart flytta innandørs då styret og leiar Kjell O. Løseth fekk bekrefta frå vervarslinga at på Hellesylt ville det styrtregne søndag. Deiflytta stemnet i hus. –Eg kan ikkje seie å ha alt på det tørre om at det skulle regne ute, men det er like før, sa Løseth til latter frå salen. Han ønska hjarteleg vel møtt til statsråd, ordførar og alle vener av organisasjonen til sommarstemne.

Deretter gjekk det slag i slag med helsingstaler, presentasjon av jubileumsboka «Med hjarte for arven» til orientering om alle prosjekt som Storfjordens Venner driv restaurering av og fleire som vil bli restaurert.

Frå Stranda kommune helsa ordførar Jan Ove Tryggestad og sa at Storfjordens Venner er kanskje den organisasjon som byggjer på det vi er stolte av, idealisme og ikkje minst kulturarv. Han hadde i tidlegare år teke del i restaureringsarbeid og mintes ein kveld i Gomsdalen under eit prosjekt der. Ein kveld dei sat på kanten til Verdsarvfjorden og naut stilla vart det heile med eitt broten av eit moderande, lysande cruiseskip som segla ut fjorden. Det var kontrastar til ettertake frå ei stille på ein fjellgard slik det var i eldre tider til det moderande livet i dag. Tryggestad avslutta si helsing frå Stranda kommune med å sitere frå «Å Vestland, Vestland» av diktaren Tore Ørjaseter.

Tryggestad bar fram ei flott helsing og overrekte ei pengegåve frå kommunen til 40-års jubilant Storfjordens Venner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380