LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

Grillar og spelar bingo

Det blir bingospel frå utescena etter suksessen i fjor.
Det blir bingospel frå utescena etter suksessen i fjor.

Fotballgruppa i Sunnylven IL har planlagt og presenterer no sine aktivitetar under Hellesyltdagane. Det blir sal av grillmat og bingo frå utescena.

Tradisjonen tru blir det god varme på grillen til fotballgruppa under Hellesyltdagane både laurdag og søndag. Dette er den største aktiviteten til fotballgruppa og gjev viktige økonomiske inntekter. Foreldre, spelerar og frivillige stiller opp og byd på både kotelettar og grillpølser med potetsalat til alle som besøkjer serveringstelta ved samfunnshuset.
I fjor arrangere fotballgruppa bingo frå utescena. Det vart ein suksess og blir gjenteke i år på laurdag. Det blir fire omgongar med bingospel og i tillegg sal av 21-lodd. Gevinstane er sponsa frå gode samarbeidspartnarar av fotballgruppa, både frå Hellesylt og bygder rundt. Mange flotte gevinstar er alt på plass, mellom anna ei AAFK-drakt til Leke James, signert av alle AAFK-spelerane, melder fotballgruppa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380