LokalnyttLokalsport

Klassevinnar i Nibbeløpet

Frå venstre Inger Ringdal Sæter, Johanne Ringdal Sæter og Emilie Brekke etter gode løp i Geiranger laurdag. (Foto: Magne Brekke)
Frå venstre Inger Ringdal Sæter, Johanne Ringdal Sæter og Emilie Brekke etter gode løp i Geiranger laurdag. (Foto: Magne Brekke)

Gode Kari-Anne Tryggestad Ryste held fram å imponere over lange løp. Laurdag vart det ny klassesiger.

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL leverte varene då ho sprang Nibbeløpet , det 21 km. lange motbakkeløpet i Geiranger laurdag. Ho vann suverent si klasse K 45-49 frå sentrum av Geiranger til Dalsnibba på 2. 21.32.0. Tida var også god nok til 8. plass totalt mellom alle i kvinneklassa. Vinnar vart Audhild Hustad, Gular, 1.52.26.9.

Langrennsløparen Knut Anders Hatlen, Stranda kom på 4.plass i klassa for menn. Han kom i mål til 1.47.37.5 på den 1476 meter høge Dalsnibba.

Sunnylven IL hadde også tre andre deltakarar i løparfesten i Geiranger 6. juni. Johanne Ringdal Sæter, Inger Ringdal Sæter og Emilie Brekke gjorde alle gode løp over kortare distansar, men vi kjenner ikkje plasseringar.

På toppen av resultatlista for klassa og på Dalsnibba, Kari-Anne Tryggestad Ryste til høgre og hennar løpervenninne Elise Stette (Foto: Privat)
På toppen av resultatlista for klassa og på Dalsnibba, Kari-Anne Tryggestad Ryste til høgre og løpervenninne Elise Stette (Foto: Privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380