Lokalnytt

Norgesmeister med fotoutstilling

Fotograf Kenneth Enstad.
Fotograf Kenneth Enstad.

Fotograf Kenneth Enstad, norgesmeister i foto 2014 stiller ut i Peer Gynt Galleriet, Hellesylt.

Kenneth Enstad frå Skodje Fotoklubb har salsutstilling i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt frå laurdag 20. juni. Den 46 år gamle Skodjefotografen er alltid på fotojakt med skarpstilt kamera. Det resulterte mellom anna i NM-tittel i 2014.

Enstad er son av ein fotograf så interessa for foto har han hatt heilt sidan unge år. Han har hatt foto som hobby til no, men håper å kunne leve av det ein gong. Han rosar sin heimlege landsdel Sunnmøre, det er kan hende landets finaste område med natur og mangfald. Her er det nok av motiv  å finne både dag og natt og til alle årstider, har han uttala. Ikkje minst har mange staute fjelltoppar blitt fanga inn på kamerabrikka til Kenneth Enstad.

Sjølv om han har tittelen norsk meister meiner fotokunstnaren at han har ein del å lære innan faget enno. -Men eg er avslappa og kosar meg når eg tek bilete-.

Salsutstillinga til Enstad i Peer Gynt Galleriet opnar laurdag 20. juni kl. 14.00.

"Sisters" av Kenneth Enstad 2013.
«Sisters» av Kenneth Enstad 2013.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380