Lokalnytt

Pensjonistar på tur til Nordmøre

 

Parti frå Atlanterhavsvegen like ved storhavet. (Alle foto: Lilli Karin Sunde Ljøen)
Parti frå Atlanterhavsvegen like ved storhavet. (Alle foto: Lilli Karin Sund Ljøen)

Pensjonistar i Sunnylven la ut på tur til Nordmøre etter Atlanterhavsvegen sist laurdag. Vi tok telefonen til leiaren i Pensjonistlaget Astrid Langeland for å frette frå turen.

Sunnylven sanitetslag og Sunnylven pensjonistlag hadde planlagt dagstur for medlemar sist laurdag. Reiseruta gjekk med buss mot Nordmøre, etter Atlanterhavsvegen til Kårvåg.

Presis klokka ni starta 42 damer og herrer med Inger Trans sin nye buss frå Hellesylt. Turen gjekk om Stranda, Stordal og vidare med ferje til Molde der kaffi med skuffekake og is vart innteke.

For smakssansar

Arrangøren hadde lokka med ei overrasking i løpet av turen. Det skulle bli to og den fyrste kom om bord i ferja til Molde, redusert billett for vinnaren.

Før middag i Kårvåg var det stopp og litt spasering på ein rastestad like ved. På ein koseleg serveringsstad i Kårvåg vart det servert fiskesuppe, svært velsmakande med store stykke av laks. Den beste fiskesuppe dei hadde fått servert nokon gong, hevda fleire. Til slutt kom også kaffi på borda, og smørbukkarameller.

Skrøner og fakta

Heimreisa gjekk om Bud med litt rusling i gatene og sol ute ved Atlanterhavet. Under heile turen gjekk praten lett, det var meir enn god stemning mellom dei reisande. Ekstra stigning vart det då John Langeland og Håkon Hasle bidrog med historier, med innhald litt sant og litt påsmurt.

Som guide på turen brukte Angelika Fivelstad mikrofonen i bussen flittig. Ho hadde førebudd seg godt og fortalde om stadar og hendingar både frå fortid og notid. Ein interessant og lærerik dag for alle frå ein dyktig turguide.

Angelika Fivelstad til høgre var guide på turen. Her saman med Oddmund Fivelstad og Astrid Langeland.
Angelika Fivelstad til høgre var guide på turen. Her saman med Oddmund Fivelstad og Astrid Langeland.

Fleire overraskingar

Før «landing» på Hellesylt rundt klokka 21.00 vart overrasking nummer to trekt og delt ut. Her fekk ein person tilbake heile billettprisen og den gjekk til Arne Tronstad, aktiv i pensjonistlaget i fleire samanhengar, ikkje minst under arrangement. To andre gevinstar vart også delt ut etter loddtrekking, spekeskinke gjekk til Eline Fivelstad og mør til familien Hasle. Til dei andre som ikkje vann vart det delt ut ein penn sponsa av Sparebanken Møre og med oppmoding om å bruke den til å skrive og fortelje om turen til andre som ikkje var med denne gongen.

Song til vakkert land

Om det var heimlengten eller kjærleiken til heimbygda veit vi ikkje, men då buss og turfylgje kom ut av Streketunnelen ved Hellesylt vart årets pensjonisttur avslutta med eitt vers av songen «Fagert er landet».

Styremedlem Solfrid Lien bar fram helsing og takk til alle som var med frå Sunnylven sanitetslag og det same gjorde leiar Astrid Langeland i Sunnylven pensjonistlag. Velfortente blomar fekk Angelika Fivelstad og sjåfør Ingvald Bevre i Ingers Trans.

 

Veret var bra også ute ved havet på turen til Kårvåg.
Veret var bra også ute ved havet på turen til Kårvåg.

Buss 2

John Langeland "fyrte" opp stemninga med gode historier. Til høgre Magnar Bjørdal.
John Langeland «fyrte» opp stemninga ekstra med gode historier. Til høgre Magnar Bjørdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380