Sommaravslutning i Sunnylven Barnehage.

Frå dramatisering av eventyret der den store bukken Bruse har stanga trolla i elva.

Frå dramatisering av eventyret der den store bukken Bruse har stanga trolla i elva.

Det vart dramatiserte eventyr, gla`song og god servering då Sunnylven Barnehage inviterte til sommaravslutning tysdag.

Eit nytt barnehageår er snart omme. Fredag 3. juli er siste dag i Sunnylven Barnehage før ferien. Oppstart igjen er 3. august for dei tilsette og tysdag 4. august kan borna igjen innta lokala og dei mange aktivitetane.

Sommaravslutninga vart på ein fin soldag og alle innslag foregjekk ute. Der ønska styrar Hilde Langlo Brekke vel møtt til ei talrik forsamling av foreldre, besteforeldre og andre, og takka samstundes alle som hadde bidrege med kakebakst og grillpølser til serveringa.

Det var borna som stod for flott underhaldning der det fyrst vart ei livfull dramatisering av eventyret om «Dei tre bukkane som skulle til sæters for å gjere seg feite». Dei kom seg trykt over brua etter at den største bukken hadde stanga trollet i elva. Også to songar laga stemning og stor applaus til dei 27 borna i Sunnylven Barnehage.

Til hausten blir alle i Bjørnegruppa å finne på Sunnylven skule. Litt vemodig at ti kjekke ungar sluttar og reiser frå oss, men vi vil alltid treffe dei igjen andre stader. Og dei har lov å kome på besøk også etter at dei har starta på skulen, seier styrar Hilde Langlo Brekke.

Sunnylven Barnehage har bra med utstyr og stadig kjem nye ting på plass. Nyleg fekk barnehagen to nye utebord av foreldreforeininga og i tillegg ein pen pengesum til å kjøpe leiker for, kunne styraren fortelje. Hilde Langlo Brekke og dei andre tilsette fekk til slutt overrekt kvar si raud rose som takk frå borna i Bjørnegruppa for mange fine år i Sunnylven Barnehage.

Dagen etter skulle Bjørnegruppa og to tilsette på tur til Geiranger og Norsk Fjordsenter. Der skulle dei møte mykje spanande, mellom anna Gaute Gneis.

Kvar si raud rose til dei tilsette frå borna i Bjørnegruppa, frå venstre Mariann Sundgot Frøysa, Trine Tryggestad Forbord, Anne Marie Hauge Ljøen, Hilde Langlo Brekke og Åse Støverstein Ringdal.

Kvar si raud rose til dei tilsette frå borna i Bjørnegruppa, frå venstre Mariann Sundgot Frøysa, Trine Tryggestad Forbord, Anne Marie Hauge Ljøen, Hilde Langlo Brekke og Åse Støverstein Ringdal.

To flotte songar framført av borna avslutta programmet under sommarfesten.

To flotte songar framført av borna avslutta programmet under sommarfesten.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380