Lokalnytt

Storfjordstemne etter plan B

Grunna dårlege verutsikter blir programdelen under Storfjordstemnet søndag 7. juni blir på Sunnylven samfunnshus.
Grunna dårlege verutsikter blir programdelen under Storfjordstemnet søndag 7. juni på Sunnylven samfunnshus.

Storfjorden Venner sitt sommarstemne i morgon 7. juni blir flytta innandørs. Grunna dårlege verutsikter blir programdelen på Sunnylven samfunnshus.

På styremøte på Hægstad Gård laurdag vedtok styret å flytte årets Storfjordstemne frå Åseneset og Kurlå til Sunnylven samfunnshus på Hellesylt. Det opplyser leiar Kjell Løseth. Han fortel at dei har vore i kontakt med vervarslinga i dag og vermannen der kan med nær 100 prosent sikkerheit love tildels mykje regn på søndag.

-Då hadde vi ikkje anna val enn å flytte programdelen innadørs, til Sunnylven samfunnshus kl. 13.00 som vi no har gjort avtale med, seier Løseth.

Det er ikkje kjekt å vere på Åseneset  og ete graut i regnver. Alt blir mykje vanskelegare og vi ville tape mykje pengar på loddsal der vi har mange flotte gevinstar, seier han, men kjem med ei trøyst for dei som har gleda seg til turen og få sjå den gamle husmannsplassen Kurlå som Storfjorden Venner no restaurarar.

-Vi vil ha båt tilgjengeleg frå kl. 10.30 for dei som vil ut å sjå, eller dei kan gå råsa frå Korsbrekke, for der blir folk til stades på Kulå som vil orientere om arbeidet og staden. Dette tilbode vi også vere etter at programmet på Sunnylven samfunnshus er ferdig, fortel Kjell O. Løseth.

Sjølvsagt er leiaren for verneorganisasjonen skuffa over at sommarstemnet regnar i hus. Han utfordra vermannen som tidlegare hadde meldt fint ver og spurde når han hadde tenkt å kome med det?  –Du trur det er så enkelt du-, var svaret.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380