Lokalnytt

Til kamp mot attgroing

Landbruk -og matminister Sylvi Listhaug har pengar det kan søkjast på for rydding av kulturlandskap.
Landbruk -og matminister Sylvi Listhaug har pengar det kan søkjast på for rydding av kulturlandskap.

Landbruks -og matminister Sylvi Listhaug var hyra inn som festtalar under Storfjordstemne på Hellesylt søndag. Ho startar kamp mot attgroing av kulturlandskapet.

-Eg var snar til å takke ja då eg vart spurd om å halde stemnetalen, sa Listhaug som sjølv er medlem og oppfordra også andre til å melde seg inn i verneorganisasjonen.

Statsråden fekk 12 minutt i taletid, men rakk å vere innom fleire ting, også slik ho hadde blitt kjent med livet på ein fjellgard. Der var ressursane knappe, dei måtte utnytte det dei hadde langt betre enn det vi gjer som lever i overflod. Vi har blitt eit rikt land, men ting som skjer rundt oss kan fort påvirke velstanden vår, sa Listhaug.

-Vi blir fasinert av måten dei levde på, der ingen skulle tru at nokon kunne bu, men å våge å ta steget, prøve dette livet er nok utenkjeleg for dei fleste.

Kulturlandskap i Geirangerfjorden som vart skjøtta auka i fjor og ein forventar auke også i år. Stranda er største geitkommunen i landet, og med dei endringar som kom i landbruksoppgjøret i år vil også næringa med sau bli meir lønsam. Vi innfører også ei ny ordning med tilskot til rydding av kulturlandskap. Eg er lei av å køyre etter vegane i Møre og Romsdal og andre stader i landet og sjå gjengroinga. No kan ein søkje om skogrydding også på fjellgardane, der er mange tre som er for store til at geit og sau kan få dei vekk, sa statsråd Sylvi Listhaug.

Fleire hadde eit håp om at landbruk –og matminister Sylvi Listhaug hadde med ein gåvesjekk til 40-års jubilanten Storfjordens Venner. Den hadde statsråden ikkje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380