Vindholen
I dag tek Audun Brekke Fjeldheim oss med til Hellebostadsætra. På turkart for Stranda kommune heiter sætrestølen Vindholen og ligg om lag midtvegs mellom Hellebostad og Sunnylven IL sin trimpost på 869 meter høge Åsenakken.
VINDHOLEN
Nord: 6885050
Aust: 391850
Høgde: 610 moh
LANDSKAP
Sætra er sørvend og ligg på ein liten, sørgåande rygg som kjem ned frå nordsida av
dalsida. Dalen oppover mot Frøysa utgjer landskapsrommet, som er stort, men nokså
lukka. Vindholen ligg veldig godt synleg i dette rommet.
VEGETASJON
Kulturmarka er framleis opa og dominert av grasmark og lyngtuer, men gjengroing
med ugrasartar som tistlar og brennesler er godt i gang og truar stølsmiljøet.
BYGNINGAR OG KULTURMINNE
På sætra ligg to sel som er nylig oppussa og i god stand. Her finst også murar etter fire
andre, større bygningar – truleg fjøs og løer. Utover dette er her få eller ingen
tydelege kulturminne.
VURDERING middels verdi
Sætra er noko vanskeleg tilgjengeleg, men ligg i eit nokså populært turområde, med
Åsenakken som hovudtrekkplaster. Sjølv om sela er godt ivaretatt, er resten av sætra
prega av forfall, og då spesielt vegetasjonen. Skjøtsel av kulturmarka vil vere viktig for
å få området til å stå fram som eit sætermiljø. Ved eventuell utbygging, må ein vere
spesielt varsam på innsynet sætra har frå dalen.
MULIGHEITER middels potensial
Området ligg fint til, og kan vere eit spanande utviklingsområde, på grunn av
nærleiken til Åsenakken og turområda i fjella mot Geirangerfjorden. Turar frå sæter
til sæter langs Geirangerfjorden kan til dømes bli ein populær aktivitet, der
Vindholen kan spele ei sentral rolle.