Barnehage på sykkeltur

Sykkeltur

 

Torsdag var det sykkeltur for born i Sunnylven Barnehage. Turen gjekk til fleire «store byar».

Tretten born frå Sunnylven Barnehage fekk vere med på sykkeltur i Hellesylt sentrum i flott sommarver torsdag. Det vart ei reise til fleire «store byar», ikkje på vanleg trøsykkel, men nesten. Syklane som dei fekk låne frå Hellesylt El-sykkelutleige hadde både tilhengar og elektrisk motor. Køyretya fann dei på Hægstad Gård.

Sykkelturen gjekk til fleire store byar, til Bergen, Oslo og Trondheim, ei fantasireise rundt om i Hellesylt sentrum. Dei fleste borna på sykkelturen var dei som fredag 3. juli har sin siste dag i Sunnylven Barnehage. Neste læringsstad blir Sunnylven skule i august.

Dei tretten som var med var på bildet frå venstre; Ingeborg, Siv Anita, Christine, Siril, Sina, June, Tora, Oskar, Ari, Mathias, Kai Adam. I vogna Oleander og Elias.

I ei melding takkar Sunnylven Barnehage utleigar for lånet av syklane som gjorde dagen triveleg for både born og tilsette. (Foto: Sunnylven Barnehage)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380