LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

Marianne Fivelstad fekk heiderspris

Marianne Fivelstad fekk velfortent heider for aktivt lagsarbeid i mange år.
Marianne Fivelstad fekk velfortent heider for aktivt lagsarbeid i mange år.

Under Hellesyltdagane laurdag vart Marianne Fivelstad frå Sunnylven tildelt heiderspris frå Stranda kommune.

Det var ei lang aktivitetsliste utdelar Karianne Stadheim las frå før ho overrekte frivilligheitsprisen til Marianne Fivelstad. Prisen var eit måleri av kunstnaren Ellen Solbakken og i tillegg ein stor rosebukett.

Den unge vinnaren av heidersprisen starta i unge år i barneleikarringen i HUL og seinare har hå halde fram med lagsarbeid i leiande posisjonar i Sunnylven. Mest arbeid har ho lagt ned i Hellesylt Ungdomslag som styreleiar , og i HUL-teatret der ho stadig har hatt store og små roller i skodespel.

Også i bevaring av Badehuset på Hellesylt har Marianne Fivelstad vore ein pådrivar, både med å restaurere sjølve huset og få reist det nye ti meter høge stupetårnet. Det stod ferdig i juli 2014.

Også i andre arrangement for bygda som komitearbeid for Hellesyltdagane har Marianne lagt ned mange timar gratis arbeid i fleire år, fortalde Karianne Stadheim frå ei lang liste friviljug lagsarbeid.

Marianne Fivelstad tok i mot og takka blygt for gåva. Ho takka også dei som hadde sendt inn forslag og ønska å heidre henne med frivilligheitsprisen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380