Lokalnytt

Musikkvintett til Sunnylven kyrkje

Desse fem blir å høyre i Sunnylven kyrkje tysdag. (Bilde frå facebook-side Sunnylven kyrkje)
Desse fem blir å høyre i Sunnylven kyrkje tysdag. (Bilde frå facebook-side Sunnylven kyrkje)

Høgskulestudentar frå Barratt-Dues musikkinstitutt i Oslo spelar i Sunnylven kyrkje tysdag.

Dei fem musikkstudentane som besøkjer Sunnylven med konsert i kyrkja tysdag kveld er:
Malene Flataker, trompet, Henrik Olsen Åsaune, trompet, Karoline Langgåt Jøkling, horn, Lars Brynestad, trombone, Fredrik Hassen tuba.

Kvintetten har spela saman i eitt år og avsluttar dette skuleåret med ein miniturne på herlige Sunnmøre, skriv dei.

Dei fem spelar musikk av mellom anna Edvard Grieg, Victor Ewald og Johan Sebastian Bach.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380