Lokalnytt

Stjernelag til Lensmannsstova

Synnøve Hjellbakk Hole er vertinne av olsokkonserte i Lensmannsstova på Lillebø.
Synnøve Hjellbakk Hole er vertinne av olsokkonsert i Lensmannsstova på Lillebø.

Utøvarar på hardingfele, trøorgel og song av sopran blir å høyre i Lensmannsstova på Lillebø laurdag 25. juli. Ein olsokkonsert verd å få med seg.

Den gamle, nyrestaurerte Lensmannsstova på Lillebø i Langedalen blir konsertlokale laurdag 25. juli. Der set dyktige, anerkjente utøvarar stemne og framfører klassiske perler og folketonar. Husvertinne og arrangør er Synnøve Hjellbakk Hole, sjølv dyktig utøvar på hardingfela, men denne kvelden blir ho «berre» arrangør, seier ho.

Men ho kan love besøk av gode musikarvener med eit repertoar frå Bach og Bjørnson til gamle brudemarsjar, ein trio av dyktige utøvarar som kan gjere olsokkonserten i Lensmannsstova til eit sommarleg høgdepunkt. Dit kjem sopran Anne Berit Skrivervik Sultani frå Stryn, Askjell Molvær frå Sula skal spele på det gamle trøorgelet som vart restaurert til ein liknande konsert i 2013, og Gunnhild Sindre, Markane kjem for å spele på både hardingfele og vanleg fele.

Dei tre hadde konsert i gamle Olden kyrkje fyrste helg i juli i år, fortel Synnøve Hjellbakk Hole. Den konserten rakk ho ikkje å få med seg, men no har Synnøve fått dei til gards på Lillebø i eiga storstove i staden.

Konserten er laurdag 25. juli klokka 16.00. Til konserten er det påmelding, og skulle interessa vere stor blir det halde fleire konsertar, lovar ho.

Sjå og aktivitetskalendaren.

Under ein konsert i Lensmannsstova i 2013 spela Askjell Molvær på det gamle trøorgelet. Laurdag 25. juli blir det nye tonar frå det gamle instrumentet.
Under ein konsert i Lensmannsstova i 2013 spela Askjell Molvær på det gamle trøorgelet. Laurdag 25. juli blir det nye tonar frå instrumentet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380