Lokalnytt

Stort og vellukka Hytteholstemne

Tre skyttarbrødre, Kristian til venstre og Ørjan til høgre skal begge til Landsskyttarstemne på Lesja om få dagar. Ørjan i midten er aspirant, men deltok også i Hytteholstemnet med flott resultat.
Tre skyttarbrødre, Kristian til venstre og Isak til høgre skal begge til Landsskyttarstemne på Lesja om få dagar. Ørjan i midten er aspirant, men deltok i Hytteholstemnet med flott resultat.

Om lag 150 skyttarar deltok på Sunnylven skyttarlag sitt Hytteholstemne 2015.

Tre unge skyttarar, Kristian Frøysadal Hauge, Isak Frøysadal Hauge og Ørjan Frøysadal Hauge var mellom deltakarane frå Sunnylven skyttarlag i Hytteholstemne siste helg i juli. Alle gjorde det skarpt, dei to eldste på 100 meter meisterskap i klasse R. med Kristian på 5. plass og Isak på 7. plass. Vinnar i rekrutt vart Mats Vangen, Stranda. Ørjan var mellom dei beste i aspirant der deltakarane ikkje blir rangert med resultat.

På 200 meter meisterskap klasse 3 – 5 stod Ivar Fivelstad for beste resultat frå arrangørlaget med 7. plass totalt. Trygve Aaland Tryggestad vart nr. 22.

Bjarne Muri, Oslo Østre vann klasse 3 – 5 og sette samstundes ny banerekord i Hyttehola med 349 poeng. Han toppa også lista over deltakarar om Tryggestad Kraft AS sin vandrepremie 2013 – 2017.

Her er resultat for Hytteholstemnet 2015 og samanlagtliste for Tryggestad Kraft AS sin vandrepremie 2013 – 2015:

100m-25-skudd-kl-ASP

200m-25-skudd-kl-A

Tryggestad kraft 2013-2017

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380