Lokalnytt

Turistar kjøper varme klede

Gina Lersveen med ein genser, eit populært produkt hos turistane.
Gina Lersveen med ein genser, eit populært produkt hos turistane.

Gina Lersveen frå Stranda har sommarjobb på Hellesylt. På Devold-utsalet har ho fullt av klede som varmar i ein kjøleg sommar.

 I det gamle meieriet på Hellesylt er utsal av Devold-produkt. Her står unge, smilande jente og rettleiar kundane med go`kjøpet, ei av dei er Gina Lersveen som jobbar her på fjerde sommaren.

Vi var innom butikken då den opna fyrst i juni. Då var det stappfullt av varer i ull og bomull, undertøy, raggsokkar, luer, generar og jakker i alle fargar. Knappe to månader etter hadde det minka mykje, men framleis var vareutvalet stort og fristande.

Handelen har vore god, men kanskje ikkje den beste i år, for trafikken har vel vore litt mindre i sommar enn tidlegare, trur Gina. Det får nok den sure sommaren ta mykje skuld for. Men dagleg surrar det på fleire språk av kundane som er innom, så der er nok å gjere. Populære varer er undertøy, varme genserar og jakker av ull, fortel Gina Lersveen.

Devold-utsalet på Hellesylt er ope kvar dag mellom kl. 10.00 og 18.30 til slutten av august.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380