LokalnyttLokalsport

Vann på rulleski i Tsjekkia

Anders Mølmen Høst til høgre vann suverent på rulleski i Tsjekkia. Her etter Hellesyltløpet i 2014 saman med Kristian Nedregård, Spjelkavik IL.
Anders Mølmen Høst til høgre vann suverent på rulleski i Tsjekkia. Her etter Hellesyltløpet i 2014 saman med Kristian Nedregård, Spjelkavik IL.

Anders Mølmen Høst har prega resultatlista i Hellesyltløpet sidan 2012. På ferie i Tsjekkia viste Lyn Ski-løparen konkurrentane ryggen på rulleski.

Anders Mølmen Høst var ein av mange frå Oslo-klubben Lyn Ski som hadde si årlege sommarsamling på Hellesylt i juni/juli. Samlinga vart avslutta med deltaking i Hellesyltløpet der Anders Høst kom i mål til tredje plass, etter to andre Lyn Ski-løparar Henrik Bakke og Jonas Udjus.

Opphaldet i Sunnmørsk natur og luft kvessa tydeleg vis forma. Saman med klubbkamerat Fredrik Grøvdal banka dei til og la konkurrentane bak seg i den tsjekkiske rulleskicupen nyleg.

Rett frå treningsopphald i Hellesylt til ferie med konkurransar i Tsjekkia gjorde Anders Mølmen Høst to solide vinnarløp med sigersmarginar på to-tre minutt. Også Fredrik Grøvdal viste musklar i dei to rulleskiløpa og vart nr. to fyrste dag og nr. fem i det neste.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380