LokalnyttLokalsport

Distanseritt på Frøysa

Det blir flotte hestar å sjå når Sunnylvsrittet 2015 blir arrangert på Frøysa søndag. (Foto frå arkivet)
Det blir flotte hestar å sjå når Sunnylvsrittet 2015 blir arrangert på Frøysa søndag. (Foto frå arkivet)

Søndag arrangerer Stranda ride og køyreklubb distanseritt på Frøysa. I år har rittet tre distansar, men berre ni deltakarar er påmeldt til no, opplyser stemneleiar Janne Hetle.

Det blir flotte hesteekvipasjar å sjå på Frøysa i Sunnylvsbygda søndag. Der blir det arrangert distanseritt om lag i dei same traseane som i 2013.

I år er det ritt over tre distansar alt etter kondisjon til hest og ryttar, ei sju kilometer løype som har fått namnet rusleturen, 14 kilometer blir kalla småsvetten, og den lengste på 19 kilometer har vi kalla lårknipen, fortel stemneleiar Janne Hetle. Løypene går i området Frøysa, Helset med ein runde til Frøysadal for den lengste.

Lita deltaking

Distanseritt er ingen konkurranse på beste tid, men ein ridetur som skal gjennomførast mellom ei minimum og maksimum tid. Ved målgang skal hesten vere i fin form, ikkje ha høgare puls enn 64 slag i minuttet, eller vere skada på nokon måte. Er alt innafor reglane blir det premie, sløyfe og diplom, lovar Janne Hetle.

Til onsdag før stemnedagen er det påmeldt ni deltakarar, mellom dei Poden, Dalar Møy og Tiara som er lokale fjordingar, dølahestar og blandingshestar. Ho er litt skuffande over påmeldinga denne gongen, men skulle nokon ha lyst å delta er det råd å melde seg på heilt fram til stemnedagen søndag. To hestar med ryttarar kjem heilt frå Bergen. Det synest Janne er flott og gledeleg at nokon orkar å køyre ein heil dag med hestevogn for å delta i distanseritt på Frøysa. Ho er litt skuffande over påmeldinga denne gongen, men skulle nokon ha lyst å delta er det råd å melde seg på heilt fram til stemnedagen søndag.

Årleg arrangement

-Vi legg mykje arbeid i eit slikt arrangement, like mykje om det er tre eller tretti deltakarar. Løypa skal merkast, det blir kiosk, høgtalaranlegg med musikk og anna informasjon. Vi ynskjer å gjere dette rittet til ein tradisjon i Sunnylven, for vi har så mykje flott natur å vise fram og gode vegar å ri på. Og så er her berre velviljuge grunneigarar. Eg har vore med å arrangere mange slike ritt rundt om i landet, men aldri møtt meir positive grunneigarar enn her. Dei må gjerne kome til Frøysa å sjå på så skal dei få så mykje gratis kaffi i kiosken som dei berre orkar å drikke, lovar Janne Hetle.

Fleire opplysningar om Sunnylvsrittet 2015 finn ein ved å søkje på facebook. Start og innkomst for rittet er på Frøysa.

Janne Hetle er stemneleiar for Sunnylvsrittet 2015. Her saman med fjordingen Poden.
Janne Hetle er stemneleiar for Sunnylvsrittet 2015. Her saman med fjordingen Poden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380