Lokalnytt

Nestleiar i Venstre til Hellesylt

Nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen kjem til Hellesylt i morgon tysdag 18. august.
Nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen kjem til Hellesylt i morgon tysdag 18. august.

Nestleiar i Venstre og leiar i Energi og Miljøkomiteen i stortinget, Ola Elvestuen besøker Hellesylt og resten av Stranda kommune 18. og 19. august.

I ei pressemelding frå Stranda Venstre blir det opplyst at Elvestuen kjem til Hellesylt tysdag 18. august. Der blir det kl. 10.30 bedriftsbesøk hos HT Bygg Hellesylt med fokus på reguleringsplan og utfordringar for små bedrifter i distrikta.

Kl. 11.45 blir det så gatevandring på Hellesylt der folk og presse får høve til å slå av ein prat med nestleiaren i Venstre.

Ola Elvestuen dreg vidare til Geiranger seinare same dag, til pressemøte på Norsk Fjordsenter og anna deltaking i turistbygda. Besøket til leiaren i Energi og Miljøkomiteen held fram i Stranda også onsdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380