Lokalnytt

På sveletur med Veøy

Kaffi og svele blir servert
Kaffi og svele blir servert

Måndag 24. august vart årets ferjecruise for bebuarar på Sunnylven omsorgssenter gjennomført. Gamle gode Veøy frakta alle trygt fram og tilbake på Verdsarvfjorden.

Turistferja Veøy gjekk frå Hellesylt klokka 09.30, så Petter rakk ikkje morgonkaffien før avreisa, fekk vi oss fortalt. Det gjorde ikkje noko, for vel om bord ordna kokk Kjell Øverland og hjelpar Andreas Andersen både med kaffi og nysteikte svele til alle. Alt var som det skulle også i år, berre eit par månader seinare enn vanleg.

Vanleg vis spandere turistferja Veøy tur på bebuarane på omsorgssenteret tidleg i sesongen, gjerne i juni. Vi har venta på fineveret heile sommaren for å invitere på tur og no i august kom det endeleg, sa Kjell Øverland. Det vart ein rett så fin sommardag på dei tretten og fem tilsette som var med. Eldst av dei alle var Ragnhild Ringdal med sine 103 år, men også fleire andre var veteranar på ferjecruiset. Petter Ringdal var med for åttande gong, sa han.

På tur inn Verdsarvfjorden gjekk praten om stadnamn og moglegheiter for fotturar både hit og dit. Og praten var ikkje berre på norsk, asiatiske turistar var kan hende dei mest talrike.

Håpet må vere at Veøy kjem tilbake til neste sommar. Då blir det nok ny tur med turistferja som har heis om bord. Det er nødvendig for å få fleire av bebuarane opp frå bildekk til salongen.

På soldekk i Geiranger
På soldekk i Geiranger
Tilsette med på turen, frå venstre Ann Janne, Ellinor Fivelstad, Elise S
Tilsette med på turen, frå venstre Ann Janne Hole, Ellinor Fivelstad, Elise Skjortnes, Anita Langeland, Snezaika Boresova (Blanca)

Ferje 4

Vel heime på Hellesylt.
Vel heime på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380