Lokalnytt

Stabilt elevtal i Sunnylven

Elevane i fyrste klasse song til medelevar og lærarar på den fyrste skuledagen.
Elevane i fyrste klasse song til medelevar og lærarar på den fyrste skuledagen.

Skulane i Stranda kommune har starta på eit nytt skuleår. Ved Sunnylven skule møtte 77 elevar måndag 17. august.

-Første dag i første klasse, det er vi som står her nå-

Slik song dei ti fyrsteklassingane så vakkert for medelevar og lærarar på starten av den fyrste skuledagen måndag. Fyrste samling i det nye skuleåret fann stad i gymmsalen på Sunnylven skule der rektor Torje Bjørneset ynskte vel møtt til eit nytt skuleår til 77 elevar, lærarar og andre tilsette.

Ved alle andre skular er det svingingar i elevtalet frå år til år. Og ved slike skular som i Sunnylven må ein rekne variasjonar på inntil ti elevar som normalt, meinar Torje Bjørneset.

Elevtalet ved Sunnylven skule held seg stabilt. I småskulen er 30 elevar, ved mellomsteget 21 og ved ungdomsskulen 26 elevar. Samla er det ein elev mindre enn i fjor.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380