LokalnyttLokalsport

Sunnylvsritt i flott ver

Anna Rock til venstre og Kristin Goverud hadde teke turen heilt frå Bergen for å delta i Sunnylvsrittet.
Anna Rock til venstre og Kristin Goverud hadde teke turen heilt frå Bergen for å delta i Sunnylvsrittet.

Sunnylvsrittet 2015 på Frøysa med Stranda Ride og Køyreklubb som arrangør vart godt gjennomført, men med berre ti deltakarar.

Stemneleiar og domar Janne Hetle uttala i eit intervju tidlegare at ho var skuffa over lita deltaking. Også for to år sidan var det Distanseritt på Frøysa, den gongen med over tjue hestar med ryttarar.

Heilt frå Bergen

Sunnylvsrittet hadde tre distansar i år, 7 km., 14 km. , og 19 km. Dei fleste deltakarane kom frå Stranda Ride og Køyreklubb, men Kristin Goverud og Anna Rock hadde teke turen heilt frå Bergen til Hellesylt for å delta. Og når dei fyrst hadde køyrd så langt med to flotte hestar, valde dei like godt å ri den lange distansen. Lårknipen på 19 km. gjekk unna utan problem.

Stor oppleving

Vi fekk ein liten prat med dei to etter målgang, og dei var rause med gode ord om staden og vegane dei fekk ri på. Det var så vakkert her, flott terreng og flotte vegar. Slikt var dei ikkje vande med i Bergen der dei var medlemer i ein liten klubb, Sætregården hestesportklubb, ein klubb med mange aktivitetar innan grøn omsorg. Å delta på Sunnylvsrittet vart ei stor oppleving og ein konkurranseform med hest dei ikkje hadde vore med på tidlegare. Dei kom gjerne tilbake sjølv om reisa var lang, sa dei to.

Kristin Goverud var ryttar på hesten Engelsman G.W., medan Anna Rock sat på ryggen til Apocalypse Now, ein hest som tidlegare dreiv sprangridning.

Lokale deltakarar

Frå Sunnylven deltok Johanne Tryggestad på fjordingen Rosas Kiara. Dei to fullførte Rusleturen, ei løype på 7. kilometer. Åse Stadheim var ryttar på fjordingen Dalar Møy og dei to gjorde unna løypa på 14. km. som hadde namnet Småsvetten. Begge fekk godkjent og premie.

Åse Stadheim og fjordingen Dalar Møy deltok i Småsvetten.
Åse Stadheim og fjordingen Dalar Møy deltok i Småsvetten. Bak kjem Grete-Iren Moen med hesten Billy The Kid.
Johanne Tryggestad tok Rusleturen med Rosas Kiara.
Johanne Tryggestad tok Rusleturen med Rosas Kiara.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380