Lokalnytt

4H-leir i Kjellstaddalen

Ole Iver Kjellstad, bak til venstre og andre medlemer frå Fjellrosa 4H i Kjellstaddalen.
Ole Iver Kjellstad, bak til venstre og andre medlemer frå Fjellrosa 4H i Kjellstaddalen.

Ole Iver Kjellstad har vore med i Fjellrosa 4H i Sunnylven frå han starta som aspirant. I helga inviterte han klubbmedlemer til leir i Kjellstaddalen.

I friluftslivets år har Ole Iver Kjellstad valt «Vi lager leir» som 4H-oppgåve i år. Frå laurdag til søndag var ni av klubben sine 17 medlemer med på ei triveleg samling i Kjellstaddalen, ein leir rigga med fleire telt like inn til kvarandre. På ein staur vaia 4H-flagget i vinden, og i utkanten var ei stropp spent mellom to bjørketre, der hadde alle prøvd sine balansekunstar.

På laurdag kveld hadde det gått i diverse konkurransar, grilling, prat og godteri. Det vart ikkje så seint før alle kraup i telta og soveposane, men litt småprating vart det no, sa Ole Iver. Runda midnatt var det stille i leiren, meinte han.

Vi besøkte 4H-arane litt tidleg på søndag, og alle var vakne. Dei hadde innteke frukost og hadde vore på ein liten tur alt. Og då vi kom til «gards» registrerte vi at det var ein ny konkurranse på gang. Vi såg fleire postar utplassert i terrenget, sikkert for å teste kunnskapar i ei rebusløype.

Elias Helset testar balansekunst på stram line. Det gjekk flott.
Elias Helset testar balansekunst på stram line. Det gjekk flott.

Ole Iver Kjellstad vil vere med i 4H til han får tildelt plaketten, den aller høgaste utmeringa i organisasjonen. Etter i år har han to år igjen til han når målet han har sett seg. Kva oppgåver han vil velje neste gong veit han ikkje. I år er det i alle fall «Vi lager leir», og den er vi er trygge på at han får godkjent etter det vi såg.

Fjellrosa 4H i Sunnylven har i år 17 medlemer. Leiar i klubben er Anne Grete Kjellstadli Langleite og klubbrådgjevarar er Silje Stadheim.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380