Damelaget i seriekamp mot topplaget
Stranda/Sunnylven sitt damelag i 3. divisjon fotball møter topplaget Herd på Hellesylt stadion tysdag.
Tysdag 8. september er det klart for poengjakt for damelaget til Stranda/Sunnylven. På Hellesylt stadion møter dei topplaget i 3. divisjon Sunnmøre Herd som etter 11 kampar står med ti sigrar og eitt tap, ein målskilnad på 66 – 11, og 30 poeng
Men også Stranda/Sunnylven har hatt ein fin sesong og ligg på tredje plass på tabellen med 17 poeng så langt, to poeng bak Aksla/Fortuna.
Siger mot Spjelkavik
Møtet i juni mellom dei to på AMFI Moa stadion enda med 8-1 siger til Herd. Det skjer ikkje på Hellesylt stadion tysdag, trur vi. Laget har vist god haustform, ikkje minst var sigeren 3-1 over Spjelkavik på bortebane positiv der Kirsti Frøysadal Hauge skåra alle måla for gjestane.
Kom på Hellesylt stadion tysdag kveld og støtt heimelaget til siger over topplaget Herd.