Lokalnytt

Gode erfaringar med drenering

Åknes A

Å drenere fjell for å unngå ras har vist seg effektivt i Canada. Liknande tiltak kan bli vurdert i det ustabile fjellet ved Åkerneset i Sunnylvsfjorden.

Under samling på Hellesylt Boutique & Bar sist laurdag med fleire lokale og tilreisande politikarar til stades vart drenering av det ustabile fjellet ved Åkerneset omsnakka. Tema var oppe under raskonferansen i Geiranger 26. og 27. august og vil koste rundt 250 mill. kroner, fortalde ordførar Jan Ove Tryggestad. På raskonferansen vart det utveksla informert om erfaringar av slike tiltak i Canada. Drenering av fjell med same geologi som ved Åkerneset hadde gjeve godt resultat, vart opplyst.

Måten slik drenering blir gjort på er å gå inn med ein hovudtunnel og frå den bore fleire hol ut og opp i fjellet. Det heile blir som ein sil.

Geologiingeniør Thomas Stewart frå Canada har i følgje ein nettstad uttala til Teknisk Ukeblad at drenering av fjell i Canada har vist seg ekstremt effektivt. All bevegelse vart borte etter at grunnvatnstanden i fjellet vart drenert og senka.

Før slike tiltak kan setjast i verk i Åkernesfjellet må det til fleire undersøkingar. Ei utgreiing er berekna til å koste 50 mill. kroner, men eit fjellras av største slag i Storfjorden vil gjere øydeleggingar for 50 milliardar kroner. Difor vil ei utredning og drenering vere småpengar å rekne om ein kan hindre ras, meinte fleire på kaffimøtet.

–Vi har brukt 1.2 milliardar på å gjere ferdig rassikring av fylkesveg 60 Hellesylt – Røyr, så drenering av Åkernesfjellet er rimeleg målt opp mot dei verdiar som kan sparast, meinte ordførar Jan Ove Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380