Lokalnytt

«Med riva i hand…»

Med riva1

I God morgen Norge på TV 2 torsdag fekk sjåarane møte rimsmed og mediemann Karl Kristian Langeland og mannen han skreiv dikt om, faren John Arne Langeland.

Det vart eit flott møte mellom programleiar og dei to med etternamn Langeland, John Arne og sonen Karl Kristian. Innslaget kom etter eit dikt som Karl Kristian skreiv til far sin tidlegare i sommar som mange media har gjeve spalteplass , og som hellesylt.info refererte i går.

Hovudpersonen sjølv, 73 år gamle John Langeland er fortsatt sprek og aktiv med i drifta av garden på Langeland. I innslaget fortalde han litt om utviklinga han har opplevd innan jordbruket dei siste åra. Alt har blitt meir mekanisert, ei naturleg utvikling, men ikkje til det beste for bygdene, Der blir det mindre med folk og mange hus står tomme, sa han. Han vedgjekk at han vart litt rørt over dei gode orda han var blitt tildelt i diktet, og det vart i meste laget også av mediaoppslag, tykte han.

Karl Kristian jobbar som medierådgjevar i Senterpartiet. Då han budde heime tenkte han ikkje så mykje på utviklinga som bygdene opplever. Men etter at han reiste ut og kom heim hadde han sett at mange gardsbruk har blitt lagde ned. –Vi må våge og ta ein ekstra kostnad for å ha levande bygder, for der er ikkje berre matproduksjon, men også distriktsutbygging og kulturlandskapspleie.

Under samtalen i God morgen Norge fekk sjåarane høyre korleis diktet kom til heime på garden på Langeland i Sunnylven.

-Vi var fleire som hadde jobba og hjelp til med slåtten på garden, men vi var ikkje heilt ferdige. Det var det blitt laurdag kveld og vi ville slutte og gjekk i hus, men pappa han heldt fram for å gjere mest mogleg ferdig. Då slo det meg at søren, pappa burde få litt ekstra ros fordi han har stått på slik seint og tidleg både for oss og mange andre, så i løpet av få minutt vart diktet til, fortalde Karl Kristian Langeland.

Far og son i TV 2-studio. John Arne Lageland til venstre og Karl Kristian Langeland. (Alle bilete: Skjermdump frå TV 2)
Far og son i TV 2-studio. John Arne Lageland til venstre og Karl Kristian Langeland. (Alle bilete: Skjermdump frå TV 2)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380