Lokalnytt

Skaut 11-taggar i Furnesdalen

Kronhjorten vart tippa å vege 145 kilo. (Foto: Privat)
Kronhjorten vart tippa å vege 145 kilo. (Foto: Privat)

Det vart storfangst på tre hjortejægerar i Furnesdalen laurdag. Der stubba ein hjort med 11 taggar i geviret.

Trond Tryggestad, Åge Jostein Tryggestad og Dan Waterman drog til Furneset i Sunnylvsfjorden på hjortejakt der dei har fleire jaktløyver. Det er sjeldan vi har møtt sjølvaste kronhjorten på slike jaktturar, men laurdag skjedde det, fortel Trond Tryggestad. I Furnesdalen på rundt 800 meter over fjorden dukka han opp og der skaut Åge Jostein Tryggestad det flotte dyret som viste seg å ha 11 taggar i geviret. Trond Tryggestad tippar slaktevekta til 145 kilo.

Det vart eit slit å få alt kjøtet ned til fjorden og om bord i båten. Dyret vart slakta og kjøtet beina ut oppe i dalen. Deretter vart det to bører på kvar til huset på Furnes, og søndag nye to bører på dei tre ned til fjorden, fortalde Trond Tryggestad.

Då vi snakka med han søndag var både karane og kjøtet vel heime frå jaktturen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380