Lokalnytt

Startar ved Vardegjølet i november

Torbjørn Vatnehol til venstre og Arne Leikanger orienterte og samla synspunkt tilbake på arbeidet med utviding ved Vardegjølet.
Torbjørn Vatnehol til venstre og Arne Leikanger orienterte og samla synspunkt tilbake på arbeidet med utviding ved Vardegjølet.

Om alt går som planlagt blir det anleggsstart på utviding av vegen ved Vardegjølet i november. Arbeidet skal vere ferdig i juni neste år.

Torsdag 10. september heldt representantar frå Statens Vegvesen, Region Midt orienteringsmøte på Sunnylvsbygda grendahus om planane for utviding av vegen ved Vardegjølet på fylkesveg 80 i Berga i Sunnylvsbygda.

Vegen ved Vardegjølet er smal, og spesielt vinterstid held ikkje vegen dagens standard med mykje is både i vegbana og i fjellskjeringa bak vegen. Ei utbetring er no planlagt med utlysing av arbeidet på anbud i september og anleggsstart i november.

Einaste samferdselsåre

Arne Leikanger og Torbjørn Vatnehol frå Statens Vegvesen, Region Midt gav ei fyldig orientering om prosjektet til rundt 25 brukarar av vegen. I tillegg fekk dei med seg innspel frå brukarane der stengetider under anleggsarbeidet vart drøfta og notert.

Vegen er einaste samferdselsåra til alle fastbuande frå Hole til Vollset og der går det dagleg skulerute, transport til barnehage, post, omsorgstenester, og jordbruket går mjølkerute, levering av kraftfor, veterinær og ensiminør.

Arbeid på dagtid

Det skal sprengast i fjell og byggjast 150 meter ny veg med eit masseuttak på rundt 10.000 kubikkmeter stein. Det skal opp nytt rekkverk på strekninga, betongrekkverk av same type som blir laga i nye tunnelar. Meir kunne ikkje gjerast for pengane som var bevilga, vart sagt.

Å bygge ny veg ved Vardegjølet og samstundes få trafikken unna vil by på store utfordringar. Sjølv om prosjektet ikkje er stort er der visse vanskar, sa Arne Leikanger. Det er ikkje aktuelt med nattarbeid så vegen må bli periodevis stengt på dagtid, både for å få unna arbeidet og for sikkerheita til dei som skal arbeide der, sa han.

Kløvveg til bilbruk

Den gamle vegen har høge murar og eit senario som var oppe på møtet var om vegen kunne rause ut under sprengingsarbeid. Då ville øvre del av Sunnylvsbygda bli utan vegsamband. Difor hadde Vegvesenet vurder om den gamle kløvvegen oppe på hammaren kunne setjast i stand for bruk av små bilar, ei vurdering det vil bli sett nærare på.

Det vil bli kalla inn til nytt orienteringsmøte før anleggsstart i november.

3. februar i år var ordførar Jan Ove Tryggestad t.v. og næringssjef Inge Bjørdal ved Vardegjølet for å sjå på vegen. I november startar utbetringa.
3. februar i år var ordførar Jan Ove Tryggestad t.v. og næringssjef Inge Bjørdal ved Vardegjølet for å sjå på vegen. I november startar utbetringa.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380