Lokalnytt

Trio Avec inntek Peer Gynt Galleriet

TRio Avic, frå venstre Leiv Prestvik, Wibeke Oshaug, Olav Elling Gausdal.
Trio Avec, frå venstre Leiv Prestvik, Wibeke Oshaug, Olav Elling Gausdal.

Trio Avec underheld med viser og dansemusikk på norsk, svensk og engelsk på Peer Gynt Galleriet laurdag.

Laurdag 26. september blir sesongavslutning ved Peer Gynt Galleriet, Hellesylt markert med eventyr og segner i verbal form på dagtid, og med trio Avec som spelar og syng viser og dansebandlåtar under arrangement laurdag kveld. Ut over hausten blir det ope berre ved spesielle tilstelningar.

Arrangementet på dagtid med forteljar Guri Aasen er omtala på denne nettsida annan stad. Laurdag kveld er Peer Gynt Galleriet ope der Trio Avic underheld med viser og andre eggande danserytmer.

Olav Elling Gausdal frå Hellesylt er eitt av bandmedlemane . Gausdal er kjent som ein framifrå dyktig musikar og visesongar og gav ut sin fyrste CD, «Ei sjel og ei skjorte» i 2012. Plata har 15 songar, alle med tekst og melodi av Olav Elling Gausdal. Men trubaduren spelar også på andre «strengar». I 2014 vart bandet «Fossedur» på Hellesylt skipa og der er Gausdal frontfigur på gitar og vokal.

I trio Avic har Gausdal med seg Wibeke Oshaug song, og Leiv Prestvik song og mandolin. Wibeke er kjent for mange musikk- og songinteresserte, spesielt i Molde-området, og Leiv har tidlegare spela i Vømmøl Spelemannslag. Alle tre har danna Avec og turnert saman ei tid. Laurdag blir dei å høyre i Peer Gynt Galleriet med viser og dansebandlåtar både med norsk, svensk og engelsk tekst.

Kunst –og kulturgruppa ved Peer Gynt Galleriet står som arrangør av innslaga både på dagtid og kveldstid laurdag 26. september. Dei håper bygdefolk og andre møte fram på arrangementa og viser si støtte til drift av kunst og kulturhuset på Hellesylt.

Sjå aktivitetskalendar: https://www.hellesylt.info/event/trio-avic-pa-peer-gynt-galleriet/

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380