Lokalnytt

35 år sidan Sunnylven vann KM.

lagbilde

I desse dagar er det 35 år sidan Sunnylven vart kretsmeister i fotball i 7 divisjon etter å ha slått Kvamsøy over to kampar. Vi har leita fram kva lokalavisa Sunnylvingen skreiv om desse to oppgjera.

Sunnylvingen skriv på framsida under overskrifta: «Stor stemning på stadion»

SUNNYLVEN KRETSMEISTER

Sunnylven IL sette eit verdig punktum for ein imponerande sesong då dei laurdag sikra seg KM-tittelen med 3-1 over Kvamsøy på heimebane. Bortekampen sist helg enda 1-1. Men sigeren sat langt inne. Sjølv om Sunnylven kontrollerte 2. omgang, var det først i siste kvarteret av kampen det heile vart avgjort. Og då den scoringa kom, var det ein jubel på stadion som der nok knapt før har vore. Elleville tilskodarar storma inn på bana for å gratulere med ein velfortent KM-tittel. Spelarane var sjølve og overlukkelege. Kjempemoro, var kommentaren. Gleda med å nå eit mål ein har kjempa for gjennom ein lang sesong er slett ikkje mindre i 7. divisjon enn i høgare divisjoner, det var i alle fall tydeleg !

gaularInne i avisa var det fyldig kampreferat både frå borte- og heimkampen. Sunnylven starta med bortekamp. Denne enda 1-1. Kampreferatet var skrive av Ola Fivelstad. Du kan lese dette ved å klikke på bildet til venstre. Bruk symbolet med fire piler for å få stort bilde.

kampreferat-heimekamp
Kampreferat frå heimekampen som enda 3-1

 

I returkampen vart det 3-1 til Sunnylven. Steinar Ringdal, Ole Johan Lillestøl og Arild Ringdal sikra sigeren til heimelaget. Sjå referat og les reaksjonar på kampen ved å klikke på bildet til høgre.

 

 

 

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info